Takk for 3522 grasrotkroner i desember!
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2021
Desember 2020 vart ein god
månad med 3522 kroner inn på VIL-kasserar Henning Tandstad sin konto. Dette er
det neste beste månadsresultat i 2020. Vi gjekk inn i året 2020 med 94 spelarar
og ut av året med 106. Hurra, og STOR TAKK til ALLE for kjærkoma støtte gjennom
året!
Grasrotkroner 2020 – fem beste
månadar. Tal på spelarar i parentes:
1. Juli med 3553 kroner (105)
2. Desember med 3522 kroner (106)
3. August med 3385 kroner (105)
4. Oktober med 3247 kroner (106)
5. September med 3209 kroner (107)
Grasrotkroner 2020 – fem svakaste
månadar. Tal spelarar i parentes:
1. Mars med 2003 kroner
(100)
2. Februar med 2236 kroner
(98)
3. November med 2636
kroner (106)
4. Mai med 2638 kroner
(104)
5. Januar med 2662 kroner
(94)
I covid-19-året 2020, utan
Konradløp og Førjulsmesse, er det kjærkome for Velledalen IL at grasrotkronene
aukar. Ved sida av sponsorgåver og medlemskontingent er grasrotkronene største
inntektskjelda i året.
Milepelen 100
grasrotspelarar vart passert i mars 2020.