May Evy og Therese tippa best
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2020
Kvinnene gjorde det best i
nyttårs-konkurransen vedkomande tipping av Frode Hoprekstad si sluttid på heilmaraton
i Ålesund. Frode kryssa mållina på Moa på 3.30.40
Etter ein gjennomgang av
langt fleire tips enn dei som ligg ute på Facebook, viser det seg at May Evy
Nesheim – sjølv langdistanseløpar av høgt format i klasse K 45-49 – hadde det
beste tipset med 3.30.45. Nest beste tippar vart Therese Netland med 3.30.30.
Desse to vert premiert etter «bommar» på fattige fem og ti sekund. Imponerande!
Mellom dei mange mannfolka
som prøvde seg var tidlegare Konradløp-vinnar, Håkon Melseth, best med tipset
3.29.59. Der etter kom Jørn Strømmegjerde med tipset 3.29.30
Takk til alle som deltok!
Sidan denne forma for tippekonkurranse viste seg særs populær, kan vi love
fleire slike i framtida.