Sivert sette pers og vann M 16-17 i halvmaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2020
Fint knippe utøvarar i
klasse M 16-17. Berre fire i talet, men det skilde under tre minutt mellom dei.
Det må omtalast som jamt mellom så unge, og ferske løparar.
No er ikkje Sivert og
Andreas så fælt ferske. Dei har vore gjennom mykje trass sin unge alder. Denne
gongen starta dei i pulje to av – av seks – på halvmaraton. Ei pulje med mange
sterke løparar. Difor var det godt gjort av Gyls-tvillingane at dei ikkje let
seg rive med i starten.
Opninga deira må omtalast
som fornuftig. Seinare sprang dei jamt og fint i nær sagt same fart heilt til
mål. Ingen sprekk slik unge løparar ofte må gjennom før «faget» er lært.
Denne gongen hadde Sivert
mest og gi mot slutten og tok klassesigeren. Og han leverte det beste han har
gjort med start og mål på same høgdenivå. Andreas sikra dobbeltsiger til
Velledalen IL.
Diverre var det litt rot
med tida til ein av løparane i denne klassa, men her er det som skal vere
korrekt:
Halvmaraton, Ålesund 30.desember 2020 – resultat klasse
M 16-17:
1. Sivert Mosby Nakken,
Velledalen IL, 1.39.55
2. Andreas Mosby Nakken,
Velledalen IL, 1.40.01
3. Oliver Ipsen Young,
Ålesund, 1.41.46
4. Gaute Skar-Hovde, Molde
BK, 1.42.33