Enorm interesse kring tippinga av tida til Frode
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2020
Det er slett ikkje for
seint enno – å tippe tida til Frode Hoprekstad under maraton-debuten, som etter
planen finn stad under Ålesund Nyttårsmaraton. Tipsa støymer inn på alle
kanalar, på Velledalen IL Facebook, på e-post til VIL-Nett (atlehole@online.no)
og som meldingar (917 43 761), i eit omfang vi knappast trudde var mogleg.
Spennvidda i tipsa er enorm. Frå 3.04 som beste-tips, til 5.16 som det «rolegaste».
Hiv deg med, du er hjarteleg velkomen som deltakar og potensiell premie-vinnar.
Vi nemner at det er meldt
gode forhold under løpet, med opphaldsvêr, nokre varmegrader og lite vind. Maksimalt
gode forhold med tanke på årstida.
Siste frist for å vere med
i denne tippinga er onsdag 30.desember klokka 10.00, identisk med
start-tidspunktet for heilmaraton.