Vellukka Romjulsmarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2020
Trimgruppa til VIL
Trimgruppa arrangerte i år romjulsmarsj med utgangspunkt i Nærbutikken
på Brunstad. Her vart det servert gløgg, saft, twist og klementinar til mange
spreke oppmøtte. Ein kunne og glede seg over to kjekke nissar som delte ut
twist i løypa.
Frå dei 176 deltakarane vart det trekt 10 gåvepremiar. Vinnarane var:
Kristian Linga, Jens Vilhelm Lycke, Sigmund Skogvold, Petter Hjorthol
Sundby, Britt Janne Linga, Marit Rausand, John Holmberg, Torhild Skogvold,
Fredrik Nilsen og Torleif Hole. Har du enno ikkje fått premien din vil ein
representant frå trimgruppa kome med den til deg ila. kort tid.
Takk for
oppmøte, og fortsatt god jul!