Hugs Romjulsmarsjen 2.juledag

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2020

Arkivfoto
Den fyrste Romjulsmarsjen
som vart arrangert i Velledalen fann stad i 1979. Difor er det ein ganske så
lang tradisjon som i morgon – trass covid 19 pandemi – som skal førast vidare.
Det er trimgruppa som står for Romjulsmarsjen, i år med visse naturlege justeringar
i høve til eit normalår, og det er opplegget som vanlegvis finn stad i
grendahuset som må vike.

Grovt sagt kan vi seie du
kan gå der du vil, og at trimgruppa tek mot registreringar ved Nærbutikken i
Velledalen (Brunstad) i tidsrommet 11.00-13.00.

Velledalen IL håper rett mange vil lufte seg 2.juledag.