Du treng ikkje fryse på øyrene

    Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2020

    Fotoet viser Anders
    Wigdahl og Ellen Marie Hole på Fjellsætra i nye VIL-huer.

    Huene finst i to
    storleikar, str 56 eller 59. Prisen er den same uansett storleik, kroner 150.
    Vi har og att huer av eldre modell, om nokon heller vil ha det. Kanskje største
    skilnaden mellom ny og eldre modell er at klubblogoen er på den nye hua.

    Kontakt kasserar Henning
    Tandstad eller Ann Helen Hole om du ynskjer kjøpe.

    Hua er ein garantist mot
    øyreverk, og kostar altså 150 kroner.