Mot nye bestetider for Sivert og Andreas…..??

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2020

Arkivfoto
Lokalt er det få 17-åringar som har så mange lange løp i kroppen som
tvillingane Sivert og Andreas med etternamn Mosby Nakken. Som halvmaraton-løpar
er Andreas mest «garva», med tre løp under to timar bak seg.
 Den personlege rekorden, 1.46.38, skriv seg frå 11.mai
2019. Altså før korona, og ei ganske så kvass tid av ein 16-åring. Men Andreas
er sterkare og betre trena no, så forholda må vere særs ille om han ikkje skal
spring raskare enn 1.46.38.

Broren Sivert har – så vidt
vi veit - berre eitt løp under to timar i banken, noko han gjorde 30.desember
2018, med tida 1.59.49. To år seinare stiller Sivert i ein heilt annan divisjon.
Her kan vi faktisk få ei ny personleg bestenotering med fleire titals minutt.
VIL-Nett vert ikkje overraska om begge gutane sprengjer 1.40 grensa onsdag
30.desember. I så fall må Svein og Anita leita fram «sjekkheftet» for bonusar.

PS. Andre frå nærområdet
som er påmelde til halvmaraton i Ålesund 30.desember:

Fridtjof Fredriksen

Bjørn Arve Brune

Rigmor Opsvik

Espen Utgård Sæther

Øyvind Vebenstad