Søsken-trio spring halvmaraton 30.desember

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2020

Arkivfoto
Tre søsken på same
startstrek i halvmaraton er ikkje ofte ein opplever. Men onsdag 30. desember
skjer dette i Ålesund med tre blad Rust til start i Ålesund Vintermaraton.

Constantin er alt ein
røynd lang-løpar med mange sterke prestasjonar bak seg i tøffare løp enn
halvmaraton. Han spring for Velledalen IL i klasse M23-34. Vert forholda
middels gode eller betre, held vi han som ein heit kandidat til å setje ny
klubbrekord for Velledalen IL på distansen.

Annabel Karen Rust i
klasse K18-19 veit vi lite om. Truleg er ho debutant på distansen, i eit løp
der ho blir mellom dei yngste deltakarane.

Luise Rust spring i klasse
K 23-34. Hennar løps-rulleblad er heller ikkje mykje kjend for nettsida til
Velledalen IL.

Uansett tøft gjort. Vi ynskjer alle tre masse lukke til!