Ekornes med stor gåve
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2020
Lars Even og Pernille
«Det er heilt utrulig, altså!» seier Pernille Ibsen Lervåg. Førre veke kunne
ho melde om at hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven, Ekornes, har overlevert ein
sjekk på 100.000 kroner til VIL orientering. Ein glad og overraska gruppaleiar var mållaus over den store gåva. «No kan vi sluttføre det
pågåande kartarbeidet ved Sessvatnet, og utvide til enda litt meir terreng enn
det vi såg føre oss.» Ho takkar og Lars Even Hatlemark, orienteringsløpar for
VIL og Ekornes-arbeidar, for nominasjonen.
Pernille melder at orienteringsgruppa snart skal ha møte for å legge
ein plan for midlane, men her er mange spennande prosjekt å ta fatt i. Det er
midlar som skal kome til nytte for heile bygda, både for born og vaksne. Karta til
Velledalen IL er faktisk så gode, og i eit så fint terreng, at verdsmeistrar
har trena på dei i 2020.
Orientering er ein sport som tidlegare ikkje har vore så stor på
Sunnmøre. Takka vere Pernille som for nokre år sidan starta satsinga på eiga orienteringsgruppe i Velledalen IL, er vi allereie i gang med å markere oss i
orienteringsmiljøet, med eigne løparar, samlingar, treningar og konkurransar, gjerne i samarbeid med
Emblem IL. Ein flott idrett der ein kan leike, springe og lære å lese kart på
ein gong.
Med nye midlar er det store mulegheiter for å utvikle
orienteringssporten i Sykkylven og på Sunnmøre vidare. Vi rettar den største
takk for at vi har Ekornes i ryggen. TUSEN TAKK!