Nye dusjar i symjehall/grendahus
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2020
Det er Lars Inge Sæther i symjehall-styret som melder
dette til VIL-Nett. I tillegg til moderne dusjar elektronisk styrt av
fotoceller, har ein fått skiljeveggar mellom kvar dusj. Dette trur Sæther vil
gje ei forbetra oppleving for alle som gjestar symjehallen.
-
Vi har tidlegare hatt problem med at dei gamle
mekaniske trykk-knappane ikkje fungerte skikkeleg, med det resultat at vatnet
rann altfor lenge. Dette i lag med at det var vanskeleg å regulere
temperaturen, gjorde at forbruket av varmevatn var i meste laget. Ofte kunne
det vere tomt for varmevatn mot slutten av opningstida, fortel Lars Inge Sæther.
Denne opp-graderinga kjem alle brukarane til gode, og er
såleis eit tiltak vi alle bør lovprise.