Klassesigrar til May Evy og Sivert
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2020
Arkivfoto
Vi startar med kvinnene,
og klasse K 45-49. Her gjorde May Evy Nesheim nok eit solid løp. Tida vart
21.19, den beste ho nokon gong har levert i ein vinterkarusell. På plassen bak
kom Marita Andreassen frå Sykkylven. Ho er i stadig framgang og leverte 18
sekund betre enn sist gong med tida 23.28.
Den andre klassesigeren
for Velledalen IL, stod Sivert Mosby Nakken for. Etter hard duell med broren
Andreas. Begge kom inn på ny personleg rekord og flott dobbel-siger til familien
Mosby Nakken. Sivert fekk tida 19.09, Andreas 19.15.
I klasse M 45-49 hadde
Velledalen IL med to skarpskodde løparar, nemleg Per Inge Bjørnestad og Frode
Mauren. Det gjekk slik:
1. Gunnar Karl Emblem,
Hakallestranda kondisjonslag, 37.36
2. Per Inge Bjørnestad,
Velledalen IL, 37.45
3. Frode Mauren,
Velledalen IL, 38.39
4. Are Uran, Havørn, 39.59
5. Lee Glanville, Ålesund
43.49
6. Frank Ove Blomvik,
Fysiotrimmen, 46.26
7. Terje Bergset, 50.06
Som vi ser var Per Inge
berre ni sekund bak klassevinnaren, Gunnar Karl Emblem, med slekt på Slettebøen
på Drabløs. Frode Mauren hadde truleg og vore i tetkampen, men diverre slit han
enno med hjarteflimmer. Det vert meldt at han måtte stoppe tre gonger under
løpet i dag.
Vi tek óg med:
at Bjørn Arve Brune
imponerte stort på 5 km i klasse M 55-59 med vinnartida 19.19
at Marius Kalland brukte
24.27 på sin 5 km i klasse M 30-34
at Fridtjof Fredriksen
vann 10 km i klasse M 50-54 på 42.11
at trioen Irene Mork,
Frode Hoprekstad og Svein Arne Nakken fekk DNS bak namnet sitt denne gongen.