Vinterkarusellen: 120 påmelde på morgonkvisten

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2020

Arkivfoto
I dag klokka 14.00 går
startskotet for dei som spring 10 km, og klokka 14.10 for fem kilometer. I dag
klokka 09.00 hadde løpet totalt 120 påmelde. Frå Velledalen IL stiller
fylgjande utøvarar:

10 km: Per Inge Bjørnestad
og Frode Mauren

5 km: Frode Hoprekstad,
Svein Arne Nakken, Sivert Mosby Nakken og Andreas Mosby Nakken

Vi venter tider på
37-talet av Per Inge og Frode M. Begge er i god form og vil gjere det godt i
klasse 45-49 år.

På 5 km er det inga bombe
om det vert ny personleg rekord på minst ein av Nakken-tvillingane. Det er
heller ingen dristig spådom at Svein kryssar mållina på 22.?? Og Frode
Hoprekstad på 20. ??

Resultata kjem på VIL-Nett
i løpet av ettermiddagen.

PS: Vi kan i tillegg melde
om nok eit gledeleg namn frå Sykkylven. Nemleg Marius Kalland. Han er son til
VIL-medlem Nancy Eggen og tidlegare ein glimrande syklist.