Topp-10 samanlagt: Bård Per (77) vart nummer sju

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2020

Arkivfoto
I dag kan vi melde at Bård
Per Erstad susa inn til 7.plass på samanlagtlista. Alle som er fostra opp i
Sykkylven kjenner Bård. Mannen med eit sportsleg rulleblad langt som eit vondt
år. Mest kjend frå ei lang karriere som fotballspelar, men også dyktig som
skiløpar (langrenn),løp, sykkel og hesteskokasting. Og to gonger tidlegare
samanlagt-vinnar på trimpostane. Nemleg i åra 2005 og 2006. I 2005 hadde han
2051 poeng, året etter 1407.

   I 2020 hadde Bård fleire poeng enn i
vinnaråra (2236), men vart likevel berre nummer sju. Noko som seier oss at
nivået er i utvikling, hittil drive fram av personar i 70-åra. Fantastisk
flott!

Topp-10 trimostar 2020:

7. Bård Per Erstad (77) –
2236 poeng, 319 turar

8. Grethe Fet (74) – 1880 poeng,
570 turar

9. Odd-Kåre Fet (78) –
1865 poeng, 567 turar

10. Elling Hole (79) –
1764 poeng, 230 turar

Like ved: Alf Petter Bøe (53) – 1735 poeng

Vi nemner at Elling Hole
og Bård Erstad er syskenborn. Mødrene deira var systre og kom frå Hornindal. Ei
særdeles god idrettsbygd!

Personar som stort sett
held seg til same trimpost vert kalla «spesialistar». Bård er ein slik. Hans
stad er Riksheimdalen. Fantastiske 318 turar har han hatt dit siste året. I
tillegg fann statistikk-føraren vår ein tur til Koppen under hans signatur.

Bård Per-turar i perioden
oktober 2019-oktober 2020:

318 turar: Riksheimdalen 1 tur: Koppen

PS. Finn nokon feil i
resultata vi kunngjer, gjer vel og meld inn dette til statistikk-førar Nils
Terje Skylstad.