Trimpostane samanlagt: Odd Kåre nummer ni i 2020
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2020
Det opna med ein 79-åring
på 10.plass og held fram med ein 78-åring på plass nummer ni. Odd Kåre Fet har
hatt ein glitrande sesong i perioden oktober 2019 til oktober 2020. Turtalet på
567 er rett og slett imponerande, samanlagt-poenga på 1865 like eins.
Topp-10 i 2020:
9. Odd Kåre Fet (78) –
1865 poeng, 567 turar
10. Elling Hole (79) –
1764 poeng, 230 turar
Like ved: Alf Petter Bøe
(53) – 1735 poeng
Dei to som hittil har
funne plassen sin på topp-10 har snittalder på 78,5 år. Mektig!!
Om Odd Kåre Fet sin sesong:
Odd Kåre har hatt to store turmål siste året, trimpostane i skogsvegen
Drabløs og skogsvegen Fet.
Han vart nest
best på begge desse postane. Elles, har han som det går fram av lista, stort
sett halde seg i låglandet, og gått til turmål der ein greitt kan ta seg fram
etter skogsvegar. Slik ser lista hans ut:
351 turar skogsvegen Fet
203 turar skogsvegen
Drabløs 8 turar til Brunstadsætra 2 turar til sætreelva i Holemarka 1 tur til skogsvegen
Hjorthol, Vellesætra og Høgsætra Fet
I morgon får den som les VIL-Nett
svaret på kven som vart nummer åtte