Oslo-avdelinga med testløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2020
Bilete frå utfartsparkering ved Semsvann.
I mangel av andre
konkurransar har dei ambisiøse i Oslo-avdelinga lurt med andre meir passive
aktørar på testløp. To helger på rad.
Først stod Frognersetertesten for tur. Velkjend for langrennseliten,
men ny for alle i Oslo-avdelinga. Anders, Anette og Ellen Marie gjennomførte.
Start frå Sognsvann og endar etter 6km stigning ved Frognerseteren. Anette
troner øvst med ei «krone» på Strava-segmentet (for dei som er kjende med
dette).
Anders
28.39
Anette
31.13
Ellen
35.40 (liten miss, sprang 350m lengre)
I går var
det Semsvannet rundt i Asker. Anette og Nikolai har testa løypa fleire gonger,
men var ny trase for Ellen Marie og Anders. 4.7km og 300 høgdemeter. Dette var
også dagen med første snøfall på austlandet, så var litt sleipt og glatt føre.
Her glapp «krona» for Anette, men la seg inn på fin 2.plass.
Anders 18.20
Anette 19.43
Ellen Marie 23.15
Nikolai sliter framleis med ein skade i leggen, frå
Konradløpet 1.mai. Har gjorde ein viktig jobb som vegvisar og hare.