Nærmar seg premiering av trimpost-vinnarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Nov 2020
Nettsida har siste tida
presentert namna på dei 14 trimpost-vinnarane i 2020. Beste VIL-medlem på kvar
post vert premiert – i alt 14 - i tillegg til samanlagt-vinnaren.
Samanlagt-premien vert delt ut under Idrettsgallaen, uansett medlemskap i VIL
eller ikkje.
Er nokon usikker på om ein
er medlem, kan ein spørje kasserar Henning Tandstad om dette.
Trimpost-vinnarar som
ikkje har betalt kontingent i 2020, vil om kort tid bli mint om dette av laget.
Dei som ikkje høyrer noko må tolke dette som at medlemskap for 2020 er betalt.