Idrettsgalla 16.januar 2021

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Nov 2020

Arkivfoto
Velledalen IL sin
Idrettsgalla for sportsåret 2020 vert arrangert på Orreneset 16.januar 2021
klokka 16.00. Dette vart bestemt på styremøte i laget 19.november.

Der vart også fylgjande
prisjury plukka ut:

Ove Inge Skylstad

Henning Tandstad

Hege Bårnes

Ann-Helen Hole

Det er lov å tipse juryen om pris-kandidatar.

Elles vert det ein kveld
med tilbakeblikk på idrettsåret 2020, i ei sosial ramme med eit velsmakande
måltid frå Velledalen IL sin klubb-kokk, Sondre Bårnes.

Vi kjem tilbake til
korleis ein kan melde seg på, men nemner at etter noverande corona-reglar kan
Orreneset ta 50 personar denne kvelden. Som betyr at det kan bli kamp om plassane.