Frode Hoprekstad med «fylgje» rundt Ramstaddalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2020

Frode Hoprekstad er ein
tøffing. I går var han på plass i Ålesund vinterkarusell, der han sprang
kortaste distansen på fem kilometer. Men han ville ha meir denne helga.

Difor sprang han i dag
Ramstaddalen Rundt, 50,4 kilometer, motsett veg av det Velledalen IL gjer under
sine meir eller mindre årlege stafettar. Men Frode var ikkje åleine. Øyvind Vebenstad,
eks Stranda og AaFK, var med på heile turen. Fridtjof Fredriksen, Team Nakken
(Andreas, Sivert og Svein), Bjørn Arve Brune og Henning Tandstad på deler av
turen.

Karane heldt fin fart. Anna
kan ikkje seiast til sluttida fire timar 46 minutt og nokre sekund. Med tanke
på årstida var løpsforholda strålande i ei løype med høgaste punkt vel 400
meter over havet, og ei samla stigning på vel 700 meter for heile løpet. Vi vil
tru løpet kan omtalast som ypperleg maraton-trening.

Det høyrer med til soga at
ekteparet Anita og Svein Arne Nakken fekk raus fagnad av løparane for
støtte-funksjon dei ytte under løpet.