Bruna trimpost med fantastiske 4448 noteringar

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Nov 2020

Bruna trimpost i
Straumgjerde vart i særklasse best av Velledalen IL sine 14 postar i 2020. 4448
noteringar er solid kost. Næraste «konkurrent», Brunstadsætra, stoppa på 2744.
Med andre ord divisjonsforskjell, slik det plar vere.

Bruna trimpost siste fem år:

2016: 4144 noteringar

2017: 4231

2018: 3786

2019: 4065

2020: 4448

Vil ein kome på topp-5
lista på Bruna, må ein vere flittig. Tala viser at dei fem på lista samla har utrulege
2052 turar! Altså eit snitt på over 400 turar. Alle veit at eit normalår har
365 dagar… Vi seier ikkje meir.

Topp-5 Bruna trimpost 2020:

1. Jan Kåre Oterhals, 600
turar

2. Inger Anne Riksheim,
576

3. Solveig Olsen, 360

4. Ingunn Hole Hunnes, 336

5. Inger Fet, 180

Rangering mellom Velledalen IL sine 14 trimpostar
oktober 2019 – oktober 2020:

1. Bruna trimpost – 4448 noteringar
(Jan Kåre Oterhals trimpost-vinnar)

2. Brunstadsætra – 2744 (Inger
Anne Brunstad)

3. Sætreelve i Holemarka - 1942 (Oleanne Hole)

4. Vellesætra – 1641 (Alf
Petter Bøe)

5. Dammen Riksheimdalen - 1604 (Ivar Arne Flo)

6. Skogsvegen Drabløs - 1474 (Annlaug Lervåg)

7. Skogsvegen Hjorthol – 1378 (Atle Jomar Hole)

8. Skogsvegen Fet – 1257 (Grethe Fet)

9. Koppen – 816 (Ingrid Brudevoll)

10. Myrdalsfjellet – 762 (Elling Ivar Hole)

11. Regndalen – 473 (Geir Helge Grebstad)

12. Hytta Brunstadkølen - 280 (Jan Kåre Oterhals)

13. Holetindane – 158 (Jan
Kåre Oterhals)

14. Høgsætra Fet -119
(Helen Longva Fet)

Kjønnskampen 2020:

KVINNER – MENN 6-8

Respektabelt av mannfolka
å kome så vidt sterkt tilbake etter eit sviande 5-9 nederlag i 2019. Ein
prestasjon vi vil tru det ligg tung mobilisering bak.