Frå 485 til 1378 noteringar i skogsvegen Hjorthol

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2020

Trimposten i skogsvegen
Hjorthol har vore i vinden siste året. Frå anleggsverksemd og 485 turar

 i perioden oktober 2018 - oktober 2019, kunne
posten presentere ferdig veg og auke til storfine 1378 noteringar siste året.
Det gjorde at posten som i fjor vart nummer ni, rykte fram til ein meir
framskoten 7.plass.

Skogsvegen Hjorthol siste fem
år:

2016: 1021 noteringar

2017: 950

2018: 576

2019: 485

2020: 1378

Stort sett er det kvinner frå Brøvoll eller Hjorthol som har dominert
denne posten.
 For ein del år sidan tok
polske Robert - busett i Pegarden på Hjorthol – innersvingen på dei, då han
vart fyrste utlending som vann ein VIL-trimpost. Truleg svei det vel så mykje å
bli slegen av ein Hole-mann, ein som endå til knappast hadde ei einaste topp-5
plassering frå tidlegare.

Topp-5 skogsvegen Hjorthol
2020:

1. Atle Hole, 208 turar

2. Ingrid Brudevoll, 202

3. Anita Hjorthol, 166

4. Lars Hjorthol, 92

5. Svein Hjorthol, 56

Rangering mellom
VIL-trimpostane i 2020:

7. Skogsvegen Hjorthol – 1378 noteringar (Atle Hole trimpostvinnar)

8. Skogsvegen Fet – 1257 (Grethe Fet)

9. Koppen – 816 (Ingrid Brudevoll)

10. Myrdalsfjellet – 762 (Elling Hole)

11. Regndalen – 473 (Geir Helge Grebstad)

12. Hytta Brunstadkølen - 280 (Jan Kåre Oterhals)

13. Holetindane – 158 (Jan
Kåre Oterhals)

14. Høgsætra Fet – 119 (Helen
Longva Fet)

Kjønnskampen:

KVINNER – MENN 3-5