Takk for 3247 grasrot-kroner i oktober

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2020

2020 har vore eit år
utanom det vanlege. Eit år utan Konradløp og det blir heller ikkje Førjulsmesse
tredje helga i november slik det plar vere. Altså utan Velledalen IL sine to
største inntektsgivande arrangement. Men det skal seiast at vi har fått
kompensert for Konradløpet og er takksame for det.

Grunna den stadig pågåande
covid-pandemien, vert det medlemspengar og grasrotkroner som vert dei to største
inntekts-kjeldene til Velledalen IL i 2020.

Her kjem litt av stoda på
grasrot-fronten:

I oktober månad hadde
Velledalen IL 106 spelarar – det vil seie personar som gir «sju prosenten» av
det dei tippar til Velledalen IL. Dette er éin mindre enn ved utgangen av
september månad, men heile tolv fleire enn ved årsskiftet 2019/2020. I oktober
2020 kom det inn 3247 kroner på kasserar Henning Tandstad sin konto. Oktober
tre siste år:

2018: kr 2274,-

2019: kr 2098,-

2020: kr 3247,-

Grasrotrekorden på
årsbasis i Velledalen IL skriv seg frå 2018 og lyder på 27 834 kroner. Ved
utgangen av oktober 2020 hadde det kome inn 28 357. Altså ny rekord to mnd
før året er omme.

Velledalen IL set umåteleg
stor pris på dei 106 spelarane sine. Vi takkar for 3247 grasrot-kroner i
oktober, og gratulerer alle som har bidrege til at det vert solid, ny årsrekord
i 2020!