Koppen: Kraftig framgang og Ingrid Brudevoll best
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2020
Med 816 noteringar hadde
Koppen trimpost ein rekord-sesong. Litt av æra for dette får vi dele med dei
som står bak «Stikk-Ut»-opplegget, ved sida av gode parkeringsforhold ved det
mest nytta utgangspunktet.
Her er tala
for Koppen trimpost siste fem åra:
2016: 708 noteringar
2017: 778
2018: 511
2019: 461
2020: 816
På topp-5 lista over
Koppen finn vi fire «eldre travarar», og ein spenstig nykomar av yngre årgang.
Lars Urke Hjorthol kom seint i gang med sesongen, men nådde imponerande 85
turar, og er såleis kandidat til «Ung Herre-prisen» denne sesongen.
Ingrid Brudevoll
vann posten i år som i fjor.
Knea skal
vere i orden for å fullføre 116 turar til Koppen i løpet av eitt kalenderår.
Topp-5 Koppen trimpost
sesongen 2020:
1. Ingrid Brudevoll, 116 turar
2. Lars Hjorthol, 85
3. Anita Hjorthol, 68
4. Åge Vanebo 29
5. Svein Hjorthol 28
Rangering mellom postane
sesongen 2020: 9. Koppen, 816 noteringar (Ingrid Brudevoll
trimpost-vinnar)
10. Myrdalsfjellet, 762
(Elling Ivar Hole)
11. Regndalen, 473 (Geir
Helge Grebstad)
12. Hytta Brunstadkølen,
280 (Jan Kåre Oterhals)
13. Holetindane, 158 (Jan
Kåre Oterhals)
14. Høgsætra Fet, 119
(Helen Longva Fet)
Kjønnskampen 2020:
KVINNER – MENN 2-4