Fyrst Holetindane, så tok han Brunstadkølen

    Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Okt 2020

    Trimposten på
    Brunstadkølen vart nummer tolv av Velledalen IL sine postar med 280 noteringar
    siste året. Dette er det nest beste resultatet posten har hatt sidan den kom
    med i det gode selskap til 2013-sesongen. Berre 2016-sesongen har vore betre.

      

    Brunstadkølen trimpost
    siste fem år:

    2020: 280 noteringar

    2019: 248

    2018: 212

    2017: 219

    2016: 403

    Vi har tidlegare skrive at
    Jan Kåre Oterhals plukka med seg 900 trimpoeng frå Holetindane etter 30 turar.
    I tillegg får han 600 poeng for 30 turar til Brunstadkølen. Som betyr at «guten»
    vert ein farleg feiar i samandraget. Så mykje kan vi røpe alt no.

    Topp-5 Brunstadkølen
    trimpost 2020:

    1. Jan Kåre Oterhals, 30
    turar

    2. Veronika Ulriksen, 24

    3. Nils Terje Skylstad, 10

    4. Linda Kristin Øye, 6

    5. Arnhild Linga, Kjell
    Magnar Berli, Arnt Brunstad og Robin Urke Brunstad, alle 5

    Rekkefylgja mellom
    trimpostane i 2020:

    12. Brunstadkølen, 280 noteringar
    (Jan Kåre Oterhals)

    13. Holetindane, 158 (Jan
    Kåre Oterhals)

    14. Høgsætra Fet, 119
    (Helen Longva Fet)

    Kjønnskampen:

    KVINNER – MENN 1-2