Ny trimbok-rekord: Fantastiske 19 096 noteringar
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2020
Statistikk-førar Nils
Terje Skylstad har tidlegare sagt at han reknar med siste trimåret endar med ny
rekord. Og slik vart det. Med fantastiske 19 096 noteringar i perioden
oktober 2019 til oktober 2020, vart den tidlegare rekorden frå 2014 med 17 956
noteringar sletta. Og vi skal hugse på at mange ikkje har skrive seg inn i
bøkene grunna corona-pandemien.
Samla trimpost-noteringar
i perioden 2012-2020:
2012: 14 102 signaturar
– 12 postar (ikkje bok Brunstadkølen og skogsvegen Drabløs)
2013: 14 818 – 14 postar
2014: 17 956
2015: 16 097
2016: 17 071
2017: 16 794
2018: 14 671
2019: 14 339
2020: 19 096
I 2012 hadde Velledalen IL
tolv postar, men til sesongen 2013 kom Brunstadkølen og skogsvegen Drabløs i
tilgang. Slik var det fram til oktober 2020, då kom ein post i skogsvegen
Straumsheim i tilgang til 2021-sesongen.
Mange av trimpostane har
sett nye rekordar denne sesongen. Posten som har gjort det klart best
vedkomande framgang målt i prosent, er skogsvegen Drabløs. Før årets sesong var
rekorden der 769 noteringar (2017). I år vart denne rekorden flytta til 1474
noteringar. Nær ei dobling- sterkt.
Fem av 14 postar har sett
nye rekordar denne sesongen