Kart-gåve frå Lions club Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2020
Arkivfoto
O-gruppa med Pernille i
spissen kviler aldri i sitt omfattande kartarbeid. Snart finst det o-kart over
alle eigna stadar i bygda. Siste skot på kartstammen er prosjektet «o-kart
Sessvatnet» (Sessvatnet ligg på Ikornnes for dei som ikkje er lokalkjende). I
tillegg har gruppa laga skulegardskart for fleire av skulane i Sykkylven.
Det er kjekt å registrere
at mange set pris på o-gruppa sitt arbeid. Mellom desse «mange» er Lions club
Sykkylven, som nyleg har vedteke å støtte prosjektet «o-kart Sessvatnet» med 10 000
kroner.
Tusen, hjarteleg takk for
gåva!