Hipp hurra for Njål: Klassevinnar i Perseløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2020
Arkivfoto
Vi skal til Oslo. Der vart
Perseløpet 10 km arrangert i dag. Og vi har gleda av å kunne gratulerer NJÅL TORILLSON
TYSSING med klassesiger i klasse 35-39 år med tida 34.22. Av alle deltakarane
vart Njål nummer 15.
Utan at vi veit det; men
vi mistenkjer at Njål gjekk for å sjå 33-talet i dette løpet. Han passerte
nemleg 5 km på knallsterke 16.57. Men det gjekk litt tråare på siste halvdel,
noko som er heilt normalt.
Vi kjem tilbake med meir
stoff frå Perseløpet i Oslo.