Intervalltrening - 6 x 1200 meter
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2020
Tysdag 13. oktober stod 6 x 1200 meter med 1,5 minutt pause mellom "draga" på programmet. I etterkant kan vi fastslå at dette vart ei skikkeleg kvalitetstrening med høg innsats og kvalitet. I det siste draget drog tetgruppa med Sivert og Frode i spissen, kilometerfarta ned mot 3.30 min./km Då er det ikkje lett å henge på!
Desse deltok: Frå venstre Fridtjof Fredriksen, Øystein Vikingsen Fauske, Vegard Tandstad, Henning Tandstad, Frode Mauren, Andreas M. Nakken og Sivert M. Nakken. Innpiskar, tidtakar og fotograf var Svein Nakken.