Du går aldri åleine i Velledalen IL

    Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2020

    Det fekk Per Inge
    Bjørnestad merke i Gloppen. Alt gjekk veldig bra lenge. Så bra at han var venta
    i mål til ei særs god tid. Men fem kilometer før mål vart det klart at dette
    kom ikkje til å halde heilt inn. Årsaka var stort blodsukkerfall. At Per Inge
    kom seg til mål var nesten som eit mirakel.

      -
       

     Her kjem ein som
    treng litt ekstra applaus, sa speakeren.

    Og støtta av
    friidrettsleiar Bøe og løpet sitt helsepersonell kryssa Per Inge mållina til
    dagens klart største fagnad frå publikum.

     -
       

     “You´ll never walk alone” i Velledalen IL.