Nye bestetider på halvmaraton i Gloppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2020
I 2019 talde startfeltet i
Gloppen halvmaraton kring 40 løparar. I dag var dette talet firedobla, i løypa
som i 2022 skal vere NM-løype i halvmaraton.
Velledalen IL hadde med
fem løparar. I tillegg til at friidrettsleiar Alf Petter Bøe var programhelt.
Men han gjekk inn i «langeteamet» saman med Svein Nakken.
VIL-løparane fekk desse
plasseringane:
JUNIOR (9 påmelde):
5. Andreas Mosby Nakken
1.37.54 (ny personleg rekord)
6. Sivert Mosby Nakken
1.41.28
M 45-49 (27 påmelde):
5. Frode Mauren, 1.25.11
(ny personleg Rekord)
9. Per Inge Bjørnestad,
1.30.47
M 50-54 (14 påmelde):
5. Fridtjof Fredriksen
1.32.50
9. Frode Hoprekstad
1.36.39
Nokre viktige moment frå
løpet:
Gyls-tvillingane byter på
å vere best og har levert solid framgang på alle distansar siste året. Denne
gongen sette Andreas ny bestetid, sjølv om han måtte ha ei do-pause undervegs.
Frode Mauren har ein stad
mellom 5-10 halvmaraton innanbords. Det fantastiske er at han har sett ny
personleg bestetid i kvart einaste løp.
Per Inge Bjørnestad hadde
noko stort på gang denne gongen. Halvegs var han nummer fire mellom mange, og
gode, klassekameratar. Diverre fall blodsukkeret dramatisk mot slutten. Men Per
Inge «blødde» verkeleg for drakta denne fine oktober-sundagen. Med hjelp av
friidrettsleiaren og kyndige helsepersonell kryssa han mållina – ei dyrekjøpt
erfaring rikare.
Beste herreløpar: Sjur
Haug, Tartanmandag, 1.12.04
Beste kvinneløpar: Målfrid
Valdersnes, BFG Bergen Løpeklubb, 1.24.40