Hopp-Jonny flyg stadig lenger!
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2020
Skihopping er
heilårs-idrett. Denne veka vart femte og siste rennet i Telenor-karusellen
arrangert. Opplegget har vore slik:
Renn fem torsdagar. Fyrst
to prøvehopp, så tre teljande hopp.
Jonny Mauren starta denne
karusellen med hopp i K-25, med hopp på kring 20 meter eller så vidt over. Men
etter ei helg med enorm framgang på hoppsamling i Orkdal, flytta han over i
K-40 bakken.
Under siste rennet i
Telenorkarusellen vert det meldt at Jonny starta med to rufsete prøvehopp. I
konkurransen drog han til med 29,5 meter i fyrste omgang. I andre hoppet landa
han på 32,5 meter (personleg rekord), før han avslutta med 28,5 meter. Dermed
er den personlege rekorden auka frå kring 20 meter til 32,5 i løpet av nokre få
veker.
Held Jonny Mauren fram
slik, er det ikkje lenge før han slettar Velledalen IL sin gjeldande klubbrekord. I skrivande stund manglar han
20,5 meter på Magnar Fet sin rekord frå Hornindal – sett tidleg på 1950-talet!