Verdsmeisteren og VIL sine håpefulle

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2020

Ja, for Pernille & Co har verkeleg fått fram eit flott knippe håpefulle o-løparar. Ingen kan nekte for det. Og tidene frå nybyrjar-klassa, «Fjellkillingen», tek ikkje feil. Sjølv om det ikkje vert operert med rangert resultatliste i denne klassa, så vert det teke tider.

Klassa talde 40 fullførande utøvarar. Sorterer vi ut dei sju beste tidene, viser det seg at Velledalen IL sine utøvarar hadde desse plasseringane: 1-3-4-5-7. Med andre ord fem av dei sju beste tidene. Difor er det dekning for å skrive at vi har gode emne å jobbe vidare med.

Orientering er ein krevjande idrett. Skal ein hevde seg der må ein ha god fysisk form og eit klart hovud. Begge deler må vere på plass. Ein kjem ikkje langt med berre ein av desse eigenskapane.

VIL nett gratulerer i dag ALLE Velledalen IL sine unge utøvarar. Ein vakker dag, gode prestasjonar og tenk å få vere på bilete saman med sjølvaste Olav Lundanes!! Som no spring for Halden (eks Emblem IL) og har vunne alt som vinnast kan i denne idretten.