Orientering: Spissar forma mot Fjellgeita

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Sep 2020

O-gruppa i Velledalen IL
ynskjer alle velkomne til o-trening – med frammøte på parkeringsplassen ved
Svartevatnet – laurdag 26. september klokka 10.00. O-løpet på Emblem dagen
etter (Fjellgeita) samlar nemleg rekord-deltaking, med meir enn 110 påmelde to
døgn før løpet. Rykta seier at ein må tilbake til 1980-talet for å finne noko
liknande.

I ein e-post skriv
o-gruppa:

 -
   

 VIL må hive seg
rundt og spisse ferdigheitene inn mot løpet og arrangerer difor ei siste
trening på Heggjene i morgon klokka 10.00

 -
   

 Oppmøte på
parkeringsplassen ved Svartevatnet, og så går vi i lag opp til start.

Om treninga får vi denne
informasjonen:

 -
   

 Vi skal løpe ein
liten rinde på to kilometer (B-nivå) og deretter to små rundar på «kurvekart»
(alt bortsett frå høgdekurvar er fjerna frå kartet).

Etter treninga vert det
eit sosialt opplegg for alle som har tid:

 -
   

 Vi avsluttar med
felles lunsj på Nærbutikken i Velledalen mellom 12.00-13.00, opplyser o-gruppa.

Dette høyrest kjekt ut, og
vi håper mange hiv seg med. I skrivande stund har Velledalen IL imponerande 28
påmelde i o-løpet Fjellgeita på Emblem – eit glitrande tal!