Sondre Brunstad Fet møter Milan på San Siro
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2020
I 2019 spela Sondre
Brunstad Fet på nivå 2 i Noreg, utan å kunne kallast vere «fast» på AaFK-laget.
I dag spelar han for Bodø/Glimt som møter italienske Milan på San Siro i europa-kvalifisering.
Eit bra byks nivåmessig. Etter at AaFK ikkje såg seg syn med å ha lokale Sondre
i stallen lenger, men lånte han ut til Bodø. Der har som alle veit, både laget
og han gjort «røvavegar», med seriemeisterskapen langt på veg i boks.
Som dei fleste kjenner til
er produksjonen av Sondre det ein kan kalle godt velledalsk team-arbeid. Alle
fire besteforeldra budde i Velledalen. Diverre er Ida og Kaspar Fet døde. Det
same er bestemora på morssida, Borgny. Alle tre hadde garantert vore stolte av
barnebarnet om dei fekk oppleve kampen i kveld. Stolt er heilt sikkert også
Sigbjørn Brunstad. Bestefaren som er einaste attlevande av den generasjonen. Vi
sender gratulasjonar til Sigbjørn!
Det gjer vi også til
foreldra, Bente Brunstad og Steinar Fet. Begge to allsidige i idrettar som
fotball, langrenn og friidrett. Faren, Steinar, vart som 13-åring KM-vinnar for
Velledalen IL på 60 meter. Tid 8,3 sekund. Eller vi kan nemne onklane Sverre
Gunnar (Brunstadekspressen) og Pål Rune. Sverre Gunnar var og er mellom dei
beste i landet i lange løp (halv- og heilmaraton) av 1967-årgang, medan Pål
Rune vart KM-vinnar i fotball, langrenn individuelt og stafett (3x10 km).
Sondre Brunstad Fet er
fostra opp med gode rollemodellar rundt seg på alle kantar. Langt frå heile
årsaka ligg der, men det er ein av grunnane til at han spelar på San Siro i
kveld. Siste nytt seier at svensken på Milan, målmaskina Zlatan Ibrahimovic, er
koronasmitta og må stå over. Det same må Milan sin midtstoppar, Leo Duarte. Med
eit godt resultat i kveld kan Bodø/Glimt gjere det vanskeleg for Milan. Returkampen
på kunstgraset i Bodø treng ikkje bli lett. Smaken av internasjonal fotball for
Sondre kan i ein heldig augneblink overleve dobbelt-møtet med Milan.
Gratulerer med dagen Sondre.
Det er dagar som i dag vi alle skjønar at det iherdige arbeidet ditt har betalt
seg!