Fin VIL-tropp deltek i «Fjellgeita»
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2020
Arkivfoto
Alt tyder på at o-løpet «Fjellgeita»
vert det største på Sunnmøre denne sesongen. Fem dagar før løpsstart hadde 74
løparar meldt seg på. Fleire av dei frå driftige klubbar. Vi nemner:
Fana IL, Halden SK, IL
Nansen, Lillehammer OK, MOI, NTNUI, Emblem IL og Velledalen IL.
Størst tropp tysdag
22.september klokka 15.00 hadde Emblem IL med imponerande 47 deltakarar. På
andre plass kom Velledalen IL med 13. Det skal vi vere stolte av. VIL-Nett kjem
med namna på alle VIL-deltakarane når løpet nærmar seg.
Ein finn meir om «Fjellgeita»
- det siste lokale o-løpet i 2020 - ved å gå inn på EVENTOR. Arrangementsdag
27.september.