Etterord frå eit rekordmaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2020
Maraton på Perseløpet
Søndagen vart ein kjempekjekk
dag. I alle fall fram til litt ut på ettermiddagen. Meir om det seinare.
Treninga og fråver av
forkjølelse i haust gjorde til at eg hadde eit håp om følge den førehandsannonserte
gruppa til 2.40.
Ved start klokka 09.00 var det lite å klage på. 7 runder med
eigen-organisert drikkestasjon for kvar runde var på plass. Temperaturen var
rundt 12 grader og himmelen var blå.
Gruppa med 15 stykker og eigen hare (!) var eit perfekt løpsopplegg.
Dei første rundene føltes nokså slitsomme. Farta er på rundt 3.47 min
per kilometer (15.8 km/t om eg ikkje reknar feil), så kvar meter må det jobbast
for.
Første halvmaraton blei passert på 1.20 ca. Perfekt start og perfekt
hare. Spørsmålet var om det kunne halde.
Som regel er det siste 10 km som er avgjerande for suksess eller fiasko
på eit maraton.
Personleg følte eg at
fram til 36 kilometer gjekk det tåleleg greitt. Men så måtte eg sleppe gruppa
som no var på 6 mann og gjere jobben sjølv.
Det skulle vise seg å bli litt for tungt, og eg ramla inn i mål på 2.40.18. Til
tross for at eg ikkje klarte målet om sub 2.40, så lyt ein vel vere nøgd med ny
personleg forbetring på 4 minutt.
Etter målgang var det berre å
komme seg heim for å nyte siste rest av helg. Men den gang ei. All energi-gelen
og ein ikkje-ubetydelig utmattelse førte til imponerande høg feber og brukbare
mengder med spy på kvelden.
I dag (mandag) er forma
betre, men eg har ikkje imponert nokon med bidrag verken i heimen eller på
andre arenaer.
Mvh
Njål