Pernille KM-vinnar i langdistanse-orientering

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2020

Arkivfoto
Pernille sprang i lengste
dameløypa i klasse D 21-. Sin einaste konkurrent hadde ho i Siv Haukebø Siem
frå MOI. Strekktidene viser at Pernille har gjort eit solid løp, men at ho
sleit noko mellom post tre og fire. Etter seks postar skilde det fattige tre
sekund mellom Pernille og konkurrenten frå Molde. Men derifrå og til mål gjorde
heimeløparen fleire feil, slik at sigersmarginen til slutt vart stor for
Pernille. Løypa hadde i alt 13 postar. Dette var hennar fyrste KM-tittel (Møre
og Romsdal) på langdistanse. Frå før har ho to titlar på mellomdistanse.

Resultat KM langdistanse
klasse D 21:

1. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 1.11.50

2. Siv Haukebø Siem, MOI,
1.25.35

Dei øvrige åtte løparane
som representerte Velledalen IL gjorde alle ein flott innsats. Alle resultata
frå Molde finn ein ved å gå inn på EVENTOR.

I morgon spring o-løparane
våre gatesprint i Molde sentrum.