VIL i aksjon på fleire frontar i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2020

Vi går inn i ei ganske så
stor idrettshelg. Her er litt av menyen:

ORIENTERING:

Velledalen IL har ni
utøvarar i aksjon under KM langdistanse i Molde laurdag 12. september. Like
mange deltek i o-løpet «Bysprinten» i Molde sundag 13.september. Berre for å ha
nemnt det; orientering er idretten der Velledalen IL har teke sine to siste
KM-titlar (Pernille).

LØP:

Robert Sogge deltek i det
tøffe løpet «Torvikbukt 6 topper» laurdag 12.september. Han representerer ikkje
Velledalen IL, men vi tek han med likevel, sidan han i sine velmaktsdagar var
krumtapp på fotballaget vårt.

Friidrettsleiar i
Velledalen IL, Alf Petter Bøe, spring «Lina Roindt» same dag, arrangert av Rindal
IL. Løpet er på 10,8 km.

13.september spring Njål
Torillson Tyssing sitt årvisse maraton. Denne gongen på heimleg grunn i Oslo.
Det er knytt stor spaning til om han kan snuse på persen frå 2019, på
knallsterke 2.44.34.

Og kanskje er det fleire
som skal i aksjon….???

Vi set stor pris på
meldingar om fysisk aktivitet uansett nivå. Meld inn til:

atlehole@online.no

Og vi minner om at vi no
går inn i siste 20 dagane av årets trimpost-sesong.

Du er velkomen til å tyne
ut det siste!

Ha ei god helg alle saman!