Asbjørn i VIL-langrenn fyller 70 år 9. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2020
Størstedelen av virket sitt har Asbjørn Tandstad hatt i Sykkylven IL.
I gruppene ski nordisk og friidrett. I mange år primus
motor for Fjellsæterrunden og leiar i teknisk komite langrenn i Sunnmøre
Skikrets. Han sat i SIL friidrett, heilt til eit ekstraordinært årsmøte i om
lag 2003, bestemte at det skulle leggjast kunstgras på heile stadion og at
friidretten måtte vike plass. Då la medlemane i SIL friidrett ned verva sine,
noko som gjorde at karar som Olaf Øien, Terje Aurdal, Asbjørn Tandstad og Jan
Ringseth (med fleire) melde seg inn i Velledalen IL.
I Velledalen IL sit
Asbjørn Tandstad framleis i langrennsgruppa. Kvar vinter gjer han ein trufast
arrangørjobb i FjellsæterCup og Barnas Fjellsæterrunde.
Eller like gjerne
som hjelper for VIL friidrett eksempelvis under Tomasløpet.
Konkurranseidretten er for lengst lagt på hylla for
Asbjørn sin del, men jubilanten er sprekare enn 70 åringar flest, takka vere
eit utal vandringar i skog og mark, til alle årstider.
Idrettsvener gratulerer
ein sprek 70 åring med dagen!