Fin VIL-tropp til o-KM i Molde

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2020

Fotoet viser Elias Bjerkan (t.v) og Johan Fauske. Siste tida har o-gruppa fått fleire nye innmeldingar. Ein av dei er Elias. I Molde stiller både Elias og Johan i VIL-trøye i klasse H 11-12 N (foto Øyvind Bjerkan).
O-KM, langdistanse, vert
arrangert i Molde komande helg. Velledalen IL stiller ein flott tropp med
førebels ni påmelde. Tre vaksne og seks born.

Dei 32 påmelde onsdag
ettermiddag (vert heilt sikkert ganske mange fleire) kjem frå fire klubbar,
såleis:

11 frå MOI (Molde)

11 frå Emblem IL 9 frå Velledalen IL 1 frå Halsa IL

Dei påmelde frå Velledalen
IL er:

Klasse N-open: Sigurd
Fauske

Klasse D 9-10: Sofie Fauske

Klasse D 17-C: Marianne Fløttum

Klasse D 21-: Pernille Ibsen Lervåg

Klasse H 9-10: Mikkel og Tobias Ibsen Lervåg

Klasse H 11-12 N: Johan Fauske og Elias Bjerkan

Klasse H 17-C: Øystein Fauske