Njål spring maraton i Perseløpet 13.september
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2020
Njål skriv:
-
For å disiplinere
meg litt på treningsfronten, fann eg det som vanleg lurt å melde meg på ein
maraton. Valet av løp var lett sidan det stort sett berre har vore ein seriøs
løps-arrangør i Oslo i 2020, Perseløpet. Deltaking blei då på Perseløpet sin
maraton 12.september 2020.
For å bu seg til
kraftprøva ein maraton er, har Njål delteke i eit løp over 5 kilometer i juni,
ein halvmaraton i juli og ein halvmaraton i august. Det gjekk slik:
5 km 27.juni:
Tid: 17.15 – nummer tre i klasse 35-39 år, nummer 17 totalt.
Halvmaraton 25.juli:
Tid: 1.18.45 – nummer to i klasse 35-39 år, nummer ni totalt.
Halvmaraton 29.august:
Tid: 1.17.07 (ny pers) – nummer 13 i klasse 35-39 år, nummer 41 totalt.
Tidene i alle løpa fortel
at Njål er i god form. Og tida 1.17.07 må nesten reknast som ei historisk tid
på halvmaraton i Velledalen IL, sidan det er personleg rekord på distansen både
for Njål og Einar Fet. Einar gjorde 1.17.07 og 1.17.09 i sine to løp i
Sykkylven halvmaraton etter fotballen var lagt på hylla, ein gong i «hine håre
dage». Han sprang då i klasse 40-44 år, i dag er han 76, så det er ei ri sidan.
Vidare seier Njål i
e-posten:
-
Maratonen blir
som vanleg kjipe saker, men ein lyt prøve å springe for å forbetre si eiga
bestenotering frå 2019. Løypa er mykje raskare enn Oslo Maraton sin trase, så
litt von er det.
Og bestetida til Njål er fantastiske
2.44.34, sett i Oslo Maraton i 2019.