Det vesle ekstra (1)
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2020
Det kan sjå ut som Audhild
Bakken Rognstad, Emblem IL, driv med finorientering inne på løpebana. Men det
gjer ho ikkje, det kan vi love. Audhild har nettopp gått i mål under
Haustsprinten, arrangert av Velledalen IL. I ei løype som var ganske tung mot
slutten, og der ho attpå til drog til med ein skikkeleg spurt på siste
strekket.
Etter siste stempling «flata»
ho ut på løpebana. Då klubbkameraten som kom bak henne stempla seg i mål, var
Audhild komen opp i kneståande, og vi ser han sender henne eit anerkjennande
blikk.
Audhild vart soleklar
vinnar mellom kvinnene på tida
20.41.
Vinnarane gir ofte det vesle ekstra, slik Audhild gjorde på Ikornnes.