O-løpet Haustsprinten samla 67 deltakarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2020

Ikkje overraskande vart
Audhild Bakken Rognstad frå Emblem IL beste kvinne på den sterke tida 20.41. Ei
tid berre tre menn straffa. Marianne Fløttum sytte for ein sterk 2.plass til
Velledalen IL på tida 27.43.

Resultat D 17 (9 påmelde):

1. Audhild Bakken
Rognstad, Emblem IL, 20.41

2. Marianne Fløttum,
Velledalen IL, 27.43

3. Marianne Lykke, Emblem
IL, 29.16

4. Janita Skogeng, Emblem
IL, 30.01

I herreklassa vart det
sekundstrid. Berre 26 sekund skilde topp-trioen frå Emblem IL. Alastair Brunton
gjorde det best av VIL-løparane med ein sterk 4.plass, 23 sekund føre Per Magne
Drotninghaug. Herreklassa talde heile 18 påmelde

Resultat H 17 (18
påmelde):

1. Henning Osnes Teigene,
Emblem IL, 19.52

2. Jan Magne Solibakke,
Emblem IL, 19.56

3. Markus Glad, Emblem IL,
20.18

4. Alastair Brunton,
Velledalen IL, 21.56

5. Per Magne Drotninghaug,
Velledalen IL 22.19

Fullstendig resultatliste
finn ein på EVENTOR

Det høyrer med til soga at
løpet vart raskt og effektivt avvikla. Løpet starta med spriting av brikke og
hender ved start (Alf Petter Bøe) og slutta med same prosedyre etter målgang
(Ove Inge Skylstad). Sola skein, og det same gjorde o-gruppe-leiar, Pernille:

 -
   

 Ei svært vellukka
helg, der både treningssamlinga og løpet gjekk etter planen, og der vêret vart
betre enn meldt på førehand.

 -
   

 Takk til alle som
har hjelpt oss, slutta o-leiaren!