O-samlinga godt i gang med over 40 deltakarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2020
O-løparane si septembersamling i Sykkylven er i ferd med å bli ei årviss hending. Litt
amputert i år på grunn av corona, men god oppslutning frå dei to sunnmørsklubbane
Emblem IL og Velledalen IL. Samlinga er som vanleg eit samarbeid mellom o-kretsen og
Velledalen IL, orientering.
Opningsøkta laurdag 5.september gjekk føre seg i området Dalemyra. På programmet stod
mellom anna kjegleorientering og Buff-stafett, før ein avslutta økta med sprint-orientering.
Så flytta heile gjengen seg til Fjellseter Ungdomssenter, der det vart servert lunsj (graut). Ein
tok og den sosiale biten – mellom anna med o-bingo – mellom treningsøktene. Dette fordi
dei fleste ikkje skulle overnatte på fjellet denne gongen.
Andre økta laurdag vart avvikla i Ladalen, med oppmøte vest for Sætrevatnet. Her stod
postplukk-løyper på programmet. Ulike løypelender og vanskegrad. «Postplukk» betyr at
løypa har mange postar og få langstrekk.
Samlinga vert avslutta med kretsløp på Ikornnes, arrangert av Velledalen IL orientering.
Valfri start mellom 13.00-14.00. Her er det venta kring 50 deltakarar. Frammøtestad er
Ikornnes Idrettspark.