Virtuelt halvmaraton frå Gylsgutane

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2020

Vårt virtuelle Oslo halvmaraton

Laurdag 19. september er vi klare for halvmaraton på
heimebane, og vi gler oss! Nokre personar har ymta frampå om at dei har lyst å
bli med, men vi veit lite konkret. Vi håpar sjølvsagt på selskap gjennom heile
eller delar av løypa. Det hadde vore fint om dei som vil bli med oss, kunne ta
kontakt. Ring eller send ei melding til pappa. Han har målt opp ei god løype
som vi skal springe, og han held orden på startfeltet og tidtakinga. Undervegs
er det han som ser til at alt går greitt føre seg.

Mamma har peika ut stader for drikkestasjonar undervegs (ca
kvar 5 km). Ho må prøve å forflytte seg ein del, sånn at ho kan vere på plass
med diverse typar drikke på bestemte stader. Men om vi blir mange som spring,
og om det blir stor spreiing i feltet, kan det hende at ho treng hjelp på
enkelte stasjonar. Om det finst nokon som kan tenke seg å stille på, så ring
mamma!

Det hadde vore kjekt med finever denne laurdagen, så det
satsar vi på. Og då kan det jo hende at det er ein sjanse for noko god
servering når vi kjem i mål….???

Pappa sitt telefonnummer er 907 93 343. Mamma sitt
telefonnummer er 988 23 498.

Vi skulle gjerne vore i Oslo og delteke i løp, men vi trur
nok at vårt eige løp blir ei kjekk erfaring også!

Helsing Andreas og Sivert

PS! Vi seier ikkje nei takk til heiagjengar ….