Tett i toppen i skogsvegen Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2020
Det er ikkje akkurat
vanleg at ein må gjere bokbyte på trimposten i skogsvegen Hjorthol. Men i år
måtte ein til med ei bok nummer to. Som betyr at posten kjem langt over 1000
noteringar. Nemnast kan også at posten i fjor vart vunnen med 94 turar, i år må
ein truleg over 200.
Stoda ved posten
3.september klokka 12.00:
191 turar: Atle Hole
189 turar: Ingrid
Brudevoll
160 turar: Anita Hjorthol 76 turar: Lars Urke Hjorthol 48 turar: Svein Helge Hjorthol
Nærast topp-5: Eldrid
Myhre 40 turar
Med andre ord; det er folk
i 60-åra som er flittigast på denne posten. Men svært gledeleg at unge Lars
Urke Hjorthol har kome som eit skot i siste del av sesongen. Kjekt med postar
der unge folk markerer seg.