Ann-Helen i o-gruppa fyller 30 år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2020

Ann-Helen Hole, eller Anna
som ho vert kalla av sine næraste, fyller 30 år 4. september.

Oppvaksen i Olagarden på
Hole fekk ho tidleg kjennskap til at Velledalen IL var ein viktig organisasjon.
Såleis har ho gjort laget mange tenester før ho sjølv fekk verv i laget, i
o-gruppa for to år sidan. Då kjærleiken flytta ho heim til Velledalen og Vik
skule etter fem år ved Raudeberg skule i Måløy.

Det største sportslege «stuntet»
Anna har gjort, gjorde ho i sesongen 2012/2013. Då vann ho to trimpostar
(Holemarka og Regndalen), med base i Trondheim som lærarstudent. Akkurat den
prestasjonen heng ganske høgt, då ho hadde langt over 200 turar i Holemarka.
Turane i Regndalen fekk ein brå slutt etter eit okseangrep, men det heldt
likevel til siger.

Ann-Helen er mellom dei
faste utøvarane under VIL sine sirkeltreningar onsdagskveldane.

Velledalen IL gratulerer «Anna»
med 30 års dagen!