Påmeldinga til Haustsprinten skyt fart

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2020

Arkivfoto
VIL-Nett fylgjer
påmeldingstala til o-løpet Haustsprinten tett på Eventor. Måndag kveld stod som
før skrive fire namn på lista. Eitt døgn seinare, tysdag klokka 20.30, var
talet kome opp i 22. Flest påmelde frå arrangørklubben Velledalen IL. Elles
stiller sterke klubbar som Molde og Emblem IL.

Leiaren av o-gruppa i VIL,
kjem her med ei oppmoding til alle «løpe-folk» i Sykkylven:

 -
   

 Still opp komande
sundag! Gate-o-løp egner seg veldig godt for nybyrjarar og det blir god
trening, det kan eg garantere.

Løpet på Ikornnes vert
historisk i den forstand at det vert avvikla etter eit flunkande nytt kart. Det
er såleis grunn til å tru at dette vert det fyrste kretsløpet i orientering som
nokon gong er arrangert på Ikornnes.