Trimpostane: Mot sensasjon på Høgsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2020

Høgsætra trimpost er
posten som kvar sesong kjempar mot Holetindane trimpost om å ha færrast
noteringar. Også det har sin sjarm. Tenk at det finst ein post der ein vanlegvis
kan bli best med kring ti turar. Posten har til og med blitt vunnen på godt
UNDER ti turar.

Men slik er det ikkje i
år. Då melderen vår var innom sist veke var stoda denne:

1. Helen Longva Fet, 19
turar

2. Ole Jostein Fet, 14
turar

3. Henning Tandstad, 11
turar

  Resten av feltet hadde
tre, to eller ein tur. Men her er det slik at dei som i dag ligg sist på
oppgjerets dag kan bli fyrst. Truleg held kring 25 turar til trimpostsiger
denne sesongen.