Intervall-trening på Ikornnes Idrettspark

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2020

I kveld, tysdag 25. august på Ikornnes
Idrettspark, var det intervalltrening i regi av Velledalen IL.

  Åtte personar tok del i springinga (sjå vedlagde
bilete). Leif Sægrov frå Vestnes, men busette i Stordal, tok turen eins ærend
for å vere med. Sterkt. På programmet stod det 5 x 1200 meter med tre minutt
pause mellom "draga". Kilometerfarta vart sett til 4.10 min. (dvs.
1.40 min. per runde og fem min. per 1200 meter).
   

   

  Svein N. (tidtakar under sekvensen)